Eg er ein aktiv og sosial 18-åring som likar gaming, manga og å vere i aktivitet. No ser eg etter ein tilkallingsassistent som vil vere med meg i kvardagen og på fritida.
Eg likar å ha ein variert kvardag, og aktivitetane kan vere mange. Vi kan til dømes dra i gymsalen, på fjelltur, på treningssenteret eller ein tur til sjøen. Innimellom reiser eg også rundt i Noreg – og kanskje litt lengre – så det er ein fordel om du likar variasjon og synest det er kjekt å vere med på ulike opplevingar.
Eg går sjølv og brukar armane mine, så di viktigaste oppgåve blir å vere ein god støttespelar og hjelpe til slik at aktivitetane mine kan gjennomførast på ein trygg og god måte.
Eg tilbyr:
- God opplæring frå arbeidsleiar (mor) og kurs gjennom Prima Assistanse.
- Eit trygt og stabilt arbeidsmiljø.
- Moglegheit til å vere med på reiser og opplevingar.
- Gode lønns- og arbeidsvilkår etter avtale
- Eit inkluderende og hyggelig arbeidsmiljø
Eg ser etter deg som:
- Er trygg, stabil og til stades.
- Har energi, godt humør og gjerne litt humor.
- Er sosial og likar å vere saman med andre.
- Er god på kommunikasjon og flink til å vere i forkant.
- Er i god fysisk form og likar å vere i aktivitet.
- Har førarkort klasse B.
- Snakkar flytande norsk.
Alle tilsette må levere politiattest utan merknader.
Høyrest dette ut som noko for deg?
Då håpar eg du sender inn ein søknad med CV og referansar. Vi intervjuar fortløpande, og oppstart blir etter avtale.
Eg gler meg til å høyre frå deg!
